Fritidsfiske

Vann som egner seg for fritidsfiske:

Sund

  • LitleKørelen
  • Kørelen
  • Sundsvatnet
  • Vorlandsvatnet
  • Storavatnet

Fjell

  • Skåleviksvassdraget
  • Sandøyna
  • Kårtveitpollen
  • Kørilden
  • Svelgen Fiskeplass
  • Vindenesstraumen

Øygarden kommune

  • Skøgsøy
  • Ormhilleren
  • Rongesundet
  • Svelgesundet
  • Kaien på Kystmuseet
  • Kaien på Hellesøy

Fiskaravgift/fiskekort
Den statlege fiskaravgifta må betalast av vaksne over 18 år som fiskar i vatn eller vassdrag med laks, sjøaure eller sjøøye. Sjå meir på: http://fiskeravgift.miljodirektoratet.no/

Skal du fiske med garn må du ha avtale med grunneigarane i vatnet.

Fjell

  • Fiske inst i Fjellspollen er regulert grunna krav om fiskekort i Fjellsvassdraget.
  • Fiske innafor 100 meter frå utlaupet av Litlepollen er forbode i perioden 16.09 – 30.06.
  • Det er krav om fiskekort for fiske i Fjellsvassdraget. Dette kan du kjøpa på Circle K (Fjell gard) og hjå Sotranot as (Sartor storsenter).

Sund

  • Litlekørelen: Her er det fin aure i fin storleik. Fint å leggje inn fiske i dette vatnet når ein tar turen til Brotavarden
  • Kørelen: Her er det aure og røyemed fin storleik. Det er mange lett tilgjengelege fiskeplasser.
  • Sundsvatnet: (I enden av Dommedalen mot Klokkarvik) Her er det gjedde, vatnet er lett tilgjengeleg.
  • Vorlandsvatnet: Her er det aure, vatnet er veldig lett tilgjengeleg.
  • Storavatnet: (Ved Kallestad) Her er aure i fin storleik. Gå frå Telavåg til Kallestad og stopp for å fiske her.

Øygarden
Det er ikkje organisert sal av fiskekort for innsjøar i Øygarden, men ein får lov å drive sportsfiske i dei fleste innsjøane. Sportsfiske i ferskvatn har lite omfang i Øygarden kommune.