Kontakt

Sund folkebibliotek fekk i 2014 utviklingsmidlar frå Nasjonalbiblioteket til prosjektet “Ord i spreke spor” til ei kulturløype frå Stranda skule til Storevarden og til denne web-appen.

Kulturløypa er knytt til nærmiljøet til Johannes Kleppevik, og har fokus på diktinga og musikken hans.

Sund Turlag har lagt til rette i løypa og vore med på å laga ei utescene forma som ein gitar, og det er Øyvind Heggstad som er kunstnaren bak denne installasjonen.
Kulturløypa vart opna i juni 2015 i samband med bibliotekdagane i Hordaland.

I web-appen finn du fire utvalde turar i Sund, henta frå Kystpasset.

Fleire turar kjem til i løpet av sommaren og du finn skildring av turane og lenkjer til litteratur du kan låna i biblioteket.

Bidragsytarar i prosjektet i tillegg til Nasjonalbiblioteket har m.a. vore Sund turlag, Hordaland fylkesbibliotek, Geo Bergen, BOF, SPV, Sund kulturkontor, Stranda skule og Apagon som har levert alle filmane, bilda og sjølve nettsida.

Sund Folkebibliotek
Sund Senter
5382 Skogsvåg
Telefon: 56 32 76 00
Mob: 90156578
E-post: bente.fosse@sund.kommune.no
Nettside: www.bibvest.no
Sund Turlag
c/o Reidar Vorland
Telamyra 25
5380 Telavåg
E-post: sund.turlag@gmail.com
Mob: 48028702

Navnet ditt *:

Epost *:

Meldingen