Høybøen

Turskildring

Stien er ein del av Nordsjøløypa. Følg merking med Nordsjøløype frå bedehuset. Etter første grind held ein mot venstre og går over ei lita bru. Etter omlag 1 km kjem ein til open mark med furuskog til venstre. Gå opp til furuskogen og følg skogsveg vidare. Ved stiskille tek ein igjen til venstre, retning sjøen. Følg stien heilt ned til sjøen og gå gjennom grinda. Gå nokre hundre meter opp i bakken etter grinda. I dette området har det vore folk frå eldre steinalder til mellomalderen. Høybøen byr på gravrøyser og restar etter ein middelaldergård. Her har du historien rundt deg!

Det er også vel verdt å ta turen heilt nord på Vindeneskvarven!

  • Startpunkt: Parkeringsplassen ved bedehuset på Vindenes.
  • Normal gangtid: 2 timer t/r
  • Høgde: 22 moh.
  • UTM 32 koordinat: 279285.51Ø 6707535.21N
  • Bok: nei
  • Parkering: Ved bedehuset på Vindenes.

Rute

Film