Saltskohamnen

Turskildring

Turen startar på asfaltveg. Der du møter busetnaden på Vågo, hald til høgre og rett opp ein bakke til vegdekket går over til grusveg eit lite stykke. Til venstre ser du tydeleg sti ned og ut i marka. Følg denne, ved neste stidele følg den mest trakka stien til venstre og så over ei lita bru. Her kjem du bort i eit vått område i enden av ei lita myr. Vidare vert det noko oppoverbakke. Når det så flater ut att har vi fin utsikt over Hjeltefjorden og etter kvart vidt utsyn i dei fleste retningar. Deretter går terrenget og stien lett nedover, over ei myr og ein liten kneik oppatt og inn i ein furuskog. Ute av furuskogen møter vi på nokre av hyttene. Her vert det då hytter på kvar side heilt til vi er på kaien der rutebåten i tidlegare tider la til i rute frå eller til Bergen.

Retur på same sti heile vegen tilbake. Eller eit stykke den same, om vi vil forlengje turen kan du ta turen til f.eks. Hjelteryggen eller endå lenger til Kyrkjevegen mellom Foldnes og Hjelteryggen. Her er mange stier å gå på, men hittil er ikkje nokon merkte.

  • Startpunkt: Vågo - du kan også starte frå Hjelteryggen.
  • Normal gangtid: 1,5 - 2 timar t/r
  • Høgde: 1 moh.
  • UTM 32 koordinat: 287475.77Ø 6701522.45N
  • Bok: nei
  • Parkering: Ved vegen til Vågo, inst ved Vågen, ved Ådrotten.

Rute

Film