Sandeie

Turskildring

Ein flott tur i klassisk kystkulturlandskap ytst i havgapet. På Sandeie er det ei stor vik med naturleg skjelsand.

Frå Algrøy skule går du eit par hundre meter tilbake langs ved bilvegen til du kjem til Storvegen. Gå vidare innover Storvegen til du kjem til ei grind ved utmark. Der finn du informasjonsskilt. Du går retning Idlefjell / Sandeie. I starten går du langs grusveg opp mot Vågsvatnet (passar også for rullestol og barnevogn til Vågsvatnet). Du passerer ei hytte på venstre side før du kjem til Vågvatnet. Herifrå går traseen over på sti på venstre side av vatnet. Stien er merka med raude pinner. Det er laga flotte bruer og klopper over dei våtaste partia mot Idlefjellet.

Stien følger terrenget opp og ned mellom knatter og knauser ut mot Idlefjellet. Det står ein stake på toppen som er synlig store delar av turen.

Turen til Idlefjellet frå parkeringen på skulen tar ca. 1 t. i «normal» gange. Frå Idlefjellet og vidare til Sandeie tar det ca. 45 min. Frå Idlefjell til Sandeie er terrenget meir kupert.

Det kan være vått i stien, bruk godt skotøy. Det kan også blåse friskt på toppen, så det er viktig å kle seg etter været!

  • Startpunkt: Algrøy skule
  • Normal gangtid: ca 4 timer t/r
  • Høgde: 4 moh.
  • UTM 32 koordinat: 275272.81Ø 6696449.31N
  • Bok: ja
  • Parkering: Algrøy bygdahall.

Rute

Film