Skaganeset

Turskildring

Variert terreng med godt merka sti og klopper over våte parti. Det er funne spor etter steinalderen på fleire lokaliteter i dette området. Lokalitetane ligg på ulike høgder i terrenget alt etter kva tidsepoke dei er frå. Det er gjort funn av flint, ulike typar kvartsitt, bergkrystall og grønstein. Deler av stien går langs Kvalvågen som har ein rik kvalfangsthistorie. Frå mellomalderen av vart det fanga kval i vågen ved å stengje den inne. Kvalen vart deretter skoten med giftpilar. Denne metoden vart nytta heilt opp til 1800-talet. Ein unik kvalfangarmetode som ikkje er kjend andre stader i verda. Det er ein del sopp og blåbær i området.

  • Startpunkt: Ta av frå Austre Sundvegen og følg Skogsvågvegen 900m. Ta av til Venstre og følg Storhaugen 180m.
  • Normal gangtid: 1,5 timar t/r.
  • Høgde: 5 moh.
  • UTM 32 koordinat: Ø284250, N6688000
  • Bok: ja
  • Parkering: Parkering for 2-3 bilar ved startpunktet ved Storhaugen

Rute

Film