Spjeldsfjellet
Turskildring
Følg stien som startar på nordsida av vegen. Her er flott det sti med godt over 40 klopper over dei våte partia, laga av Sotra- og Øygarden turlag. Stien er ein del av Nordsjøløypa. Spjeldsfjellet rager 165 moh over Spjeldsbygda. Her stod det i tidlegare tider ein vete (varde) som var ein del av varslingssystemet for Leidangen langs kysten.
Frå toppen er det formidabel utsikt i alle himmelretninger, bl.a. vest mot havet, nord mot Ågotnes, Øygarden og Meland, aust mot Hjeltefjorden, byfjella og Gullfjellet, og i sør Liatårnet og Sund.
- Startpunkt: Ved snuplassen på Fjæreide.
- Normal gangtid: ca 1,5 time t/r
- Høgde: 165 moh.
- UTM 32 koordinat: 281080.19Ø 6701395.47N
- Bok: ja
- Parkering: Langs vegen nokre hundre meter før snuplassen på Fjæreide.