Steinsvatnet

Turskildring

Steinsvatnet tursti er ei rundløype på 4,8 km.

Stien er ein type sauetråkk – variert, nokre stadar noko vått/myrete terreng, men og delvis asfalt (siste 2,5 km er asfalt).

Det er lagt klopper over dei våtaste partia. Langs kyststien treff du på kulturminne som vitnar om tidlegare aktivitetar.

Det er god utsikt mot vest, og det er ofte observasjonar av ørn. Hugs kikkert!

Etter 1,3 km er det ein rasteplass med utsikt.

Stien går fram til fylkesveg 561. Herifrå er det ca.2,5 km vidare på asfalt til Flåten.

Turen er merka lett, og du kan berekna 1,5 time i vanleg turtempo.

Vanskegrad grøn.

  • Startpunkt: Startar og sluttar på Flåten ved Bakstehuset i Blomvåg, Flotevegen 53.
  • Normal gangtid: ca 1,5 timer.
  • Høgde: 15 moh.
  • UTM 32 koordinat: 60.53111N 4.86961E
  • Bok: nei
  • Parkering: Parkering på Flåten.

Rute

Film