Jernalderen og vikingtid

NY TID MED NYE MOGLEGHEITER

I Noreg regnar ein at jernalderen byrja kring 500 f.kr. til 1000 e.kr. Under denne tida finner ein også det me i dag kallar vikingtid. (750 til 1030) Dette er ei tid som skilje seg frå tida før, steinalderen og bronsealderen. Folk byrja no med å ta i bruk jern. Samanlikna med bronse vart jernet enklare og billigare å laga. Ein kunne no lage betre verktøy og utstyr som igjen førte til eit betre jordbruk og eit betre fiske, for alle.

Samanligna med steinalder finner ein ikkje like mykje frå jernaldenen i Øygarden. Sjølv om jordbruket i denne tida fikk ein stor vekst er det likevell ein del utfordringer. Gardar som no vart grunnlagd vil bli brukt gjennom dei neste historiske periodane, så det å skulle skilje mellom kva som er frå jernalder og kva som er frå seinare tid er vanskeleg. Det er rett og slett få funn fra jernalderen i Øygarden. Likevell har me et bilete av korleis Øygarden må ha vore på denne tida.

 

BUSETJING

Når det kjem til busetjinga i jernalder er gardar det sentrale, og kan reknast som hjørnesteinen i jernaldersamfunnet. Det var på garden ein hadde sin heim og det var garden som stod for inntekten til familien som budde og livnæra seg der. Viss ein hadde ein gard kunne ein dyrke jorda og halde fe, og i Øygarden sitt tilfelle ville det også vere heilt naturleg å ta båten fatt for å prøve fiskelykka. Dei gardane som ein først finner spor av i Øygarden kan dateres tilbake til Kristi fødsel. Til dømes på Morland. Dette er en av mange gardsområder, eller tidlegare gardsområder i Øygarden som har lange røtter der ein først finner spor etter dei i jernalder.

Etter at ein starta med et meir omfattande jordbruk, der ein kunne høsta enda meir mat enn tidlegare, begynte folketalet å øka. Noe helt spesefikt antall av folk som levde på den tiden er heller vankeleg å sei noko om, men det var en folkeøke som nådde toppen i eldre jernalder (500 f.kr – 550 e.kr). Eit lignande folketall ville ikkje forekomme i Øygarden før utover i vikingtiden (750 – 1030 e.kr).

Sjølve boforholdene var no relativt betre enn slik mennesket hadde det i tidligare tid. Siden ein i større grad ble avhengig av ei fast boløysning i forhold til garden begynte ein å bygge meir solid og varig, og i Øygarden ble det reist flere bygg av tre og stein, med torvtak. I disse husa fant ein ein bålpass midt i huset der mat ble forebudd og konsumert. Det kan også tenkast at strilar og dyr levde under samme tak.

 

GRAVRØYSER

Når det kjem til konkrete arkeologiske funn er det som sagt vankeleg å finna noko stort frå jernalderen i Øygarden. Dette skyldast naturlegvis det ekstreme vêret som så ofte fins i kommunen. Mykje vind og regn held ikkje godt på trebegyggelse eller anna biologisk materiale. Til tross for dette er det framleis spor fra fortida i Øygarden, og dei fleste funna finner ein i de mange gravrøyser. I slike tilfeller vil både røysa i seg sjøl og innholdet i den fortelle noe om fortidsmenneske i Øygarden. Det første ein gravrøys kan seie noko om, er at det som regel høyrer til ein gard. Jernaldermenneskene tenkte ikkje noko mindre på sine døyde slekter enn det me gjer i dag. Så det å gravlegje sine avdøyde (Eventuelt kremere dei. Noko som også forekom) stod heilt sentralt. Og for at dei døde skulle våke over sine levande slekningar var det viktig at grava var nære garden. Ofttas oppå ein topp. Derfor har det blitt antatt at innan dei mange gravrøyser har det vore ein jernaldergard.

Dette forplikta sjølvsagt: Dei levande skulle helde grava ved like og da ein først skulle gravlegjast skulle det bli lagt med forskjellige gjenstandar som skulle gjera reisa og opphaldet i etterlivet betre. Derfor har ein funne ein del gjenstandar som knivar, spenner og andre metallfunn. Med andre ord ser man at jernalderstrilen har dreve med ofringer til dei døde.
Skikkar slik som dette heldt ein på med fram til år ca år 1000. Etter at kyrkja fekk større makt i Noreg ble slike gravlegjingstradisjonar sett på som hedenske og derfor forbudt. Så når ein finn slike gravrøyser, som til dømes på Høybøen, kan ein vere nokså sikker på at det tilhøyrer eit gardsanlegg frå denne tida.

 

FISKE – EIN NO ENDA STØRRE NÆRING

Forutan det vanlege jordbruke som folk i Øygarden drev med, er fiske det som nok må ha vore den viktigste næringa i jernalderen. Medan ein satt sin lit og håp om gode avlingar, var det heller mer sikkert og trygt med fisken. Avlingane kunne slå feil, og hadde det vore på innlandet kunne dette medføra svolt og dårlege tider, men her ute i vest kunne man stole på fiksen i større grad. Gjennom jernalderen var det ein stadig auke av bruken av havet. Dette veit ein når ein sjår på dei mange fjærmannstuftene, eller fiskeværa som dukker opp. Særleg i det som var gamle Øygarden finner ein mange slike fjærmannstufter. Heile 7 stykk. På ein slik tuft i Hjartøy var det heile 70 hus i bruk samtidig, fordelt på 30-40 hustufter. I desse strukturane er det funnet utstyr som trengs for å kunne fiske. Kniver, søkker, kroker og harpuner. Spora etter desse tuftene går til bake til omkring 600 år e.kr. men det var ikkje før i vikingtida at dei virkeleg ble tatt i bruk og at fikset ble ein større næring i Øygarden.
Fjærmannstuftene i jernalderen og under vikingtida tydar på at det har føregått ein profesjonell utnytting av havet. Denne utviklinga er noko som vil prega den nasjonale og internasjonale handelen i mellomalderen.