Mellomalderen

KVIFOR MELLOMALDEREN?

I vanleg europeisk-historisk samanheng reknar ein som regel mellomalderen som tida mellom antikken og renessanse, eller tidleg moderne tid. I dag vert denne tidsperioden definert frå 500 e.kr til 15oo. I Noreg vert denne perioden flytta noko fram, og ein reknar norsk mellomalder frå å strekkje seg frå kristen tid (ca. år 1000) til reformasjonen på 1500-talet.

På engelsk kallar ein gjerne same periode for “dark ages” eller den mørke perioden. Grunnen for namnet kjem av at historikarar i renessansen såg tilbake til antikken, og hadde det som sitt førebilete for samfunnet. Tida frå antikkens slutt fram til renessansen vart difor sett på som ei tid med tilbakegang, sjukdomar og anna ein ikkje ville samanliknast med. Både omgrepet mellomalderen og den mørke perioden framstiller også denne historiske tida som ei tid med lite spenning og utvikling. Ser ein derimot på kva som faktisk skjedde står ikkje namnet verdig til perioden. Mellomalderen var ein periode i europeisk og norsk historie som har ført til ei rekkje utviklingar og framsteg innanfor levekår, handel og politikk, og dette kjem også til syne når ein går inn i mellomalderen i Øygarden.

LEIGLENDINGEN

Etter som at makta vart konsolidert hjå ein meir betydeleg samfunnselite (kongen, kyrkja storbondar) vart også bustrukturar forandra. No vart makta samla og det fekk si betydning for bønder i Noreg og Øygarden forøvrig. Folketalet hadde også ei sterk auke i byrjinga av norsk mellomalder. Denne folkeauka førte difor til at det vart rydda mange nye gardar, og rydda områder vart igjen delt i fleire tun. Klyngetun, der bruksfamiliar hadde sine gardar samla i eit felles tun, og der dei vidare hadde teigar og beiteområde spreia rundt omkring, var vanleg. Dette var også typisk i Øygarden i mellomalderen. Det var vanleg at det budde omlag 6 menneske i same husstand.

Grunna maktstrukturen og folkeauka vart difor dei fleste bøndene såkalla leiglendingar. Det vil seie at bøndene leigde garden og jorda. I slike forhold leigde ein garden på livstid, og det var også vanleg at avtalen gjekk i arv. Sjølv om ein var tvungen til å arbeide på garden og å betale gjeld sat ein likevel relativt trygt. Leiglendingar var rettsleg, frie individ med full bruksrett, og så lenge ein klarte å oppretthalde fristar for innbetaling, og viss ein haldt garden ved like, ville dette forholdet halde seg noko lunde greit. Ein betalte gjelda med det ein produserte og i gardar i Øygarden var dette som regel i form av fisk.

I ettertid ser ein ikkje berre på fisken som ei form for betaling eller som levensmiddel. Fisken har også spelt ei rolle for dei sosiale strukturane. Sidan alle som eigde ein båt kunne ut på havet for å fiske førte det til at dei fleste hadde ei mogelegheit til å brødfø seg sjølv, samt å tene på sal av fisk. Fisken kan difor ha vore med på utjamne forskjellar. Det vart difor mindre sosiale forskjellar i Øygarden i mellomalderen enn det som ellers var i landet.

 

LEVEKÅR

No som tidlegare levde folk framleis på garden. (Og det var ikkje før den industrielle revolusjonen at flesteparten av folk ikkje budde på gard.) Det å bu under same tak som dyra var vanleg i jernalder, og det kan tenkjast at dette forekom framleis. Når det kjem til husdyrhald i Øygarden var det nemleg gode forhold. Med eit relativt mildt vinterklima langs kysten, og med eit relativt stort område med lyng var det gode forutsetnader for hald av småfe.

Fisken stod framleis sentralt i levekåra for strilen i Øygarden, og utviklinga lot seg ikkje stoppe. Bruk av snører, garn og lysterspissar var vanleg, men no vart også notet teke i bruk. I gulatingslova og i landslova vart det også påbud om kvalfangst. Blant anna forekom det kvalfangst og slakt i Telavåg. Her vart kvalen fordelt og alt vart teke i bruk. Av kjøtet fekk ein mat, og av kvalolja laga ein tranolja til lamper og lys.

 

HANDEL

Når det kom til handel i Øygarden har det vorte gjort funn av keramikk og potteskår som har stamma frå England og Nederland. Dette tyder på at handelen i Noreg og Øygarden har vorte påverka av utlandet. Likevel var handel med resten av landet framleis normen. Dette har nok med at utenlandshandel i mellomalderen var atterhaldt Bergen by, og utlendingar som hanseatene til dømes hadde kun lov til å driva handel i byen.

Handel var ein nødvendigheit for folket i Øygarden. Gjennom handel fekk dei varer dei sjølv ikkje klarte å produsera. Og slik som hanseatene, reiste strilen fra Øygarden til Bergen. Her var den største handelsvaren korn, som tyskarane kom med. Dette var det liten sjølvproduksjon av i Øygarden, og Noreg forøvrig, så utenlandsk import av korn var naudsynt. Her kunne dei også få kjøpt hamp til tau og fiskeutstyr, salt, tømmer og andre metallgjenstandar. I bytte mot dette hadde folk frå Øygarden sjølvsagt fisk. Dei kunne også finne på å byte med sjølvlaga animalske produkt som smør, ost og ull.

 

MANNADAUDEN

Dårleg hygiene var noko som ikkje var ukjent for mennesket i mellomalderen. Dette gav gode vekstvilkår for sjukdomar som dysenteri, tyfus, difteri, meslinger, kikhoste, skaralgensfeber og lepra (spedalskheit). Mange døydde, og då spesielt born. Men det vart ein sjukdom som prega mellomalderen meir enn noko anna. Mannadauden, eller svartedauden.

Mannadauden er som allmenn kjent som pestepidemien som kom til Bjørgvin med et skip i 1349. Det var då svartrotta, som også vart kalla skipsrotte, tok med seg pesta gjennom rottelopper. Resultatet av dette var at 50 til 60 prosent av Noregs befolkning døydde i løpet av noko få år. Øygarden var ikkje noko untak frå dette. Korleis mannadauden kom seg til Øygarden er ein ikkje heilt sikre på. Ein teori er at rottene kom til Øygarden gjennom handelen med Bergen. Rottene trivdes godt ilag med kornet og mjølet, og at dei har hava med lasten som blindpassasjerar er ikkje utenkeleg. Ein anna teori er at byfolket sjølv tok med seg smitta då dei søkte ly for ho utanfor byen. Det som er sikkert er at dei hadde lite kunnskap om smitte og smittevern, og det var dirfor veldig lett for folk å smitte kvarandre.

Mannadauden har, som ein kanskje skjønar, fått namnet frå det store talet på døydde som låg igjen. Mange garder låg no forlatt, i form av audegardar. I området som tidlegare var Fjell kommune var det 59 gardar før mannadauden. Etter pestens herjingar var det 39 som stod igjen. I det som i dag er heile Øygarden var truleg 50 prosent av gardane lagt aude.

Sjølv om mange vart hardt ramma av pesten i mellomalderen kan ein framleis sjå at busetjingar langs kysten klarte seg betre enn busetjingar på fjellet og inni fjordane. Det som også vart eit resultat av mannadauden var at mjøl vart billegare og fisk vart dyrare. Dette tente strilen godt på. Tar ein mannadauden til betraktning, kan det være sannsynleg å påstå at åra som kom i seinmellomalderen må ha vore ei god tid for folk i Øygarden.