Steinalderen

Steinalderen

DEN FYRSTE TIDA ETTER ISEN

Under siste istida var Noreg dekka av tjukk is. Vekta av isen som låg over nordlege Europa pressa landmassane ned. For kring 16000 år sidan byrja isen å trekkja seg attende frå nordlege Tyskland og Danmark. Etter kvart som vekta av isen over Noreg byrja minka for kring 11500 år sidan tok landet til å stiga. Denne prosessen gjekk raskast der isen hadde vore tjukkast. Når landet kom fram frå isen slo steinalderfolka seg ned langs kysten. Samstundes som landet steig førte issmeltinga til at enorme mengder smeltevatn fløymde ut i havet. Dette førte til at havet steig og oversvømte steinalderen sine buplassområde i sørlege Skandinavia og Europa. I Noreg har landet heva seg så høgt at buplassane frå steinalderen i dag ligg langt oppe på land.

EIT LANDSKAP I ENDRING

Landskapet ser ikkje likt ut i dag som i steinalderen. Då isen trekte seg attende og dei fyrste menneska kom til landet var det lite vegetasjon langs kysten. Den fyrste vegetasjonen som etablerte seg hadde eit arktisk preg, men seinare fekk bjørk, furu, rogn, osp og hassel fotfeste langs kysten. Ettersom tusenåra gjekk kom det meir varmekjære treslag, slik som or og eik.

Seinare fører menneska si utnytting av naturen til beite til utviklinga av lyngheier. Store område der skogen måtte vika til fordel for lyng som vart svidd jamleg.

BUPLASSANE

Flint finst ikkje naturleg i Noreg. Denne bergarten kom til Noreg infrossen i isfjell, og sokk til botnen når isfjella smelta ved land. Når landet heva seg kom flinten til syne i strandsona. Landhevinga avtok gradvis, og i periodane då buplassane ved Langskipevika var i bruk var det ikkje lenger like lett å få tak i flint som i fyrste del av steinalderen. Dette førte til at ein utvikla andre teknikkar som nytta mindre flint, og at ein tok i bruk andre bergarter som var lettare å få tak i. Funna på buplassane viser at menneska som budde her laga reiskap i ei rekkje bergartar, mellom anna kvarts, grønstein, kvartsitt og rhyolitt. Etter kvart tok dei òg i bruk skifer.

Omlag 2300 f.Kr då havet sto 6-7 meter høgare enn i dag låg det ein buplass på flata framfor skiltet. Buplassen var i bruk i yngre steinalder, og folka som budde der laga reiskap i fleire ulike typar stein. Her er funne avslag i flint og i ulike sortar kvartsitt. Her er også funne eit fragment av ei slipeplate i sandstein, som tyder på at dei laga reiskap der eggen var slipt skarp heller enn slått. På andre buplassar i området er det funne avslag i bergkrystall og grønstein, i tillegg til flint og kvartsitt.

På kartet kan ein sjå korleis buplassane ligg på ulike høgdenivå i terrenget. Sidan buplassane låg ved stranda kan ein sei omtrent kva tid dei er frå basert på kva tid havet sto på det nivået. Andre gonger kan ein datera basert på typen reiskap, eller ut frå naturvitskaplege dateringsmetodar.

LEVE OG BU

For å kunna flytta seg langs kysten og fiske og jakte på dyr i sjøen brukte dei båt. Desse båtane var truleg laga av eit rammeverk av tre trekt med skinn. Men slike enkle konstruksjonar av materiale som lett rotnar krev heilt særskilde høve for å verte bevart og det er ikkje funne nokon slike båtar i det arkeologiske materialet. Me veit ikkje korleis dei budde her i Sund, men basert på funn frå andre stader går me ut frå at dei har hatt telt av skinn eller meir faste konstruksjonar av torv og tre. Folk levde i små grupper og flytta mykje rundt for å utnytta ulike matkjelder på ulike stader og til ulike årstider. Seinare i steinalderen vart dei meir bufaste. Folk levde ikkje isolert frå kvarandre. Grønnstein var viktig til å laga reiskap av, og denne steinen vart solgt eller bytta vekk slik at den spreidde seg over store område.

STEINALDERDIETTEN

Kva åt eigentleg folk i steinalderen? Fiske var viktig, det veit me både frå plasseringa av buplassane langs kysten og frå beinmateriale som er funne på buplassar. Andre marine ressursar som sel og skjell sto også på menyen. Dei dreiv jakt og fangst av dyr på land i tillegg til i sjø, og dei sanka nøtter, bær og spiselige plantar. Under hellarar eller plassar med gode forhold for bevaring har ein funne bein som kan fortelja oss akkurat kva dei åt. Dei nytta mange ulike typar fisk som torsk, laks, sild, og sei. Dei jakta på hare, hjort, villsvin, sel og andre dyr, og dei fanga og åt fuglar.

KVAL I STEINALDEREN

Me kan ikkje vite om vågekval eller andre kvalartar farta inn i Kvalvågen i Steinalderen, men dei fleste av dagens kvalarter levde den gongen langs kysten av det som i dag er Noreg. Ein kan likevel ikkje vita sikkert om det vart jakta på kval i steinalderen. Det er funne bein av kval på buplassar frå steinalderen fleire stader i landet, men beina kan stamma frå kval som har stranda heller enn frå jakt. I steinalderen har Kvalvågen heller ikkje same utforminga som i nyare tid. Havnivået var høgare, og sunda på begge sider av Stekholmen var breiare. Likevel er det klart at folka som budde her hadde eit høve til desse dyra som dei nok må ha sett ofte. På Tjeldstø i Øygarden er det funne ein kvalfigur i kleber. Figuren er omlag 4cm lang, og kanhende har den vore eit smykke? Figuren har omlag same alder som fleire av funna frå Skaganeset. Den er den einaste kjende framstillinga av kval som motiv frå steinalderen frå heile vest- og sørlandet sør for Sogn og Fjordane. Ulike kvalarter er avbilda i helleristningar frå mange andre stader i landet. Dei fleste av desse bileta er å finna frå Møre og nordover. Dei syner at framferda og anatomien til dei ulike kvalartane var godt kjend for dei som laga bileta. I dag meiner dei fleste som forskar på dette at kvalen – saman med andre avbilda dyr og figurer – hadde ein plass i historiene og mytane til menneska. Tidlegare vart desse bergbileta som oftast tolka som freisting på å få hjelp i jakta – kalla jaktmagi – eller som framsyning av vellukka fangsthendingar.

STEIN I STEINALDEREN?

Det er lenge sidan steinalderen, og nær alt dei hadde den gongen som var laga av organisk materiale har rotna vekk. Det me finn att etter steinalderfolka er stort sett det som vart laga i stein, eller avslaga som vart att når dei laga steinreiskap. Me finn difor pilspissen, men ikkje pilskaftet eller bogen. Øksehovudet, men ikkje økseskaftet. Me finn søkket som fekk fiskekroken til å sekka, men ikkje fiskesnøret. Om ein er heldig, kan ein finna ting som vart laga i bein. Telt, båtar, klede, vesker, skinn til å sova i, og alt det andre som steinalderfolka har hatt som var laga i tre, skinn, plantefiber eller andre materiale er borte, og det er berre i svært spesielle tilfelle med gode bevaringsforhold at ein finn spor av dette.